Skulebarnoppskriftene

Stadnamn frå Eivindvik

Skulebarnoppskriftene er stadnamn som vart samla inn av skuleborn i mellomkrigstida. Nokre av namna i oppgåva stammar frå dette materialet, men mange av namna er ikkje tekne med fordi dei på tidspunktet for innsamling var gløymde. Det står meir om dette i hovudoppgåva (s. 188).

 

Sidan Henrik Arne sine kopiar av desse dokumenta var frå 70-talet og i temmeleg dårleg stand, ba han meg om å kontakte Stadnamnsamlinga ved Universitetet i Bergen for å få tatt nye kopiar som vi kunne legge ut på nettsidene som eit supplement til oppgåva. Sidan arkivet held til rett borte i gongen frå kontoret mitt, var ikkje dette noko stort problem, og eg vil gjerne rette ein takk til namnetenesta ved UiB for å skaffe til vege nye kopiar av skulebarnoppskriftene for Eivindvik.

 

Skulebarnoppskriftene for gardsnummer 15-23 kan de studere under, eller de kan laste dei ned som ein pdf. Gnr. 24, som også inneheldt namn som er behandla i oppgåva, var ikkje lenger tilgjengeleg i arkivet.

 

Les om skulebarnoppskriftene i denne artikkelen, publisert av Språkrådet i ei eldre utgåve av Språknytt (3/1975).