Hausten 1978 begynte eg på hovudfag i nordisk ved Universitet i Bergen. Etter kvart vart det klart for meg at ønskte å skrive hovudfagsoppgåva mi innafor namnegransking. Og då kunne det ikkje vere noko meir naturleg enn å samle inn og granske stadnamn frå heimbygda mi. I utgangspunktet vart det tenkt at oppgåva også skulle innehalde namn frå Losna, som før 1964 høyrde til Gulen kommune, og som er øya der far min vaks opp. Men det synte seg fort at namnematerialet frå Eivindvik vart stort nok, og eg konsentrerte meg difor om heimbygda.
I løpet av sommaren og jula 1979 samla eg inn mesteparten av namna. Etter litt supplering i løpet av 1980, vart resultatet om lag 1320 stadnamn frå dei ti matrikkelgardane som eg definerte som eit naturleg innsamlingsomåde:
Eivindvik (Prestegarden), Fonnevik, Fonna, Gryta, Ytre Midtun, Indre Midtun, Henriksbø, Undertun, Floli og Svaberg.
Namnematerialet vart samla inn gjennom heimelsfolk (informantar). Dette var stort sett dei eldste på gardane, og difor er også dei fleste av dei no døde. Men det er trygt å vite at eg har fått samla inn dei fleste namna gjennom dei som kjende og brukte utmark og innmark for nærare 40 år sidan. Det betyr at ein del av namna ikkje lenger er i dagleg bruk, men det betyr også at nokre av namna gjerne har fått ein annan uttale av mange i dag enn den opphavlege (t.d. Soleibotnen).
Innsamlinga gjekk føre seg på den måten at eg avtalte med informantane om å få komme heim til dei. Eg hadde med meg det nye økonomiske kartverket for området, kassettspelar og ei kladdebok til å notere i. Eg hugsar tilbake på desse stundene ved kjøkken- eller stovebordet til heimelsfolka med stor glede. Vi starta med tomt kart, men etter nokre timar var det fylt ut med tal som kvar for seg refererte til eit namn på garden. Desse innsamlingskarta finn du ein annan stad på denne sida.
I tillegg hadde eg med meg kopi av dei såkalla «Skulebarnoppskriftene» for bruket eller garden. På 1930-talet hadde språkforskaren Gustav Indrebø tatt initiativ til ei landsomfemnande innsamling av stadnamn ved hjelp av skulebarn. I samarbeid med skuledirektørane vart tusenvis av skjema sende ut til skulestyra, som sende materiellet vidare til lærarane i folkeskulane. Skjemaet var eit dobbeltark med trykt rettleiing. Namna skulle skrivast på dette arket slik dei vart uttalte i målføret. Desse oppskriftene var til god hjelp og friska opp minnet til mange når dei trudde dei ikkje hadde fleire namn å komme med. Men samtidig viste det seg at mange namn allereie var gløymde på dei knapt 50 åra som hadde gått sidan skulebarninnsamlinga. Skulebarnoppskriftene finn du ein annan stad på denne sida.
Det er likevel heimelsfolka som var dei viktigaste kjeldene mine. Fleire av dei kunne namnsetje større område i detalj, og desse stadene er svært bra dekte i namnematerialet. For andre delar av bygda er dekkinga dårlegare, dels fordi det har vanta heimelsfolk, men også fordi det var folk som eg visste sat inne med fleire namn, men som det av praktiske grunnar ikkje vart snakka med.
Hovudfagsoppgåva vart levert våren 1981. Dette er eit vitskapleg arbeid, og difor er ikkje alt like tilgjengeleg for folk flest. Samtidig er stadnamn noko som mange er opptatt av og interesserte i, og det har vore tanken min lenge at eg skulle gje ut materialet i ei meir populær form. På byrjinga av 2000-talet fekk eg Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane til å plotte inn alle namna på det digitale kartverket. Meininga var at eg i den samanheng skulle gå gjennom og kvalitetssikre registreringa, men dette arbeidet vart av ulike grunnar utsett. Hausten 2014 tok eg opp att tråden, men det viste seg etter kvart at registreringa må gjerast på nytt fordi ny teknologi skal takast i bruk frå hausten 2015.
Eg brukte likevel ein dag på Fylkesarkivet til å lese inn namna. Strengt tatt skulle dette ha vore gjort av nokon som har ein meir opphavleg Eivindvik-dialekt enn underteikna, men på eit gitt tidspunkt må ein berre skjere gjennom og gjere ting enkelt. Og viss det er noko eg har vore opptatt av fram gjennom livet, så er det å behalde dialekten min! Ein må heler ikkje gløyme at eg har kassettopptak av alle namna, slik dei vart uttalte av informantane, og det er desse opptaka som er grunnlaget for innlesinga.
Eg har difor valt å gjere materialet tilgjengeleg for folk flest allereie no. På denne heimesida ligg no sjølve hovudfagsoppgåva mi, innsamlingskarta, skulebarnoppskriftene og diverse annan informasjon om namnematerielet frå Eivindvik.
Heimesida vil også bli brukt til å informere om kva tid stadnamna blir gjort tilgjengelege på digitale kart på Internett.
Eg håper og trur at dette arbeidet vil kunne vere eit nyttig bidrag til kunnskap om bygda, både for dei som bur her no og for dei som vil bu her i framtida.
Mars 2015,
Henrik Arne Losnegaard
f. 27.06.1951, d. 20.03.2015