Hovudoppgåva

Stadnamn frå Eivindvik

Klikk på biletet for å laste ned oppgåva

FØREORD

 

Oppgåva inneheld eit namnemateriale på om lag 1320 namn. Mesteparten vart samla inn sommaren og jula 1979, seinare er tilfanget vorte supplert med noko nytt stoff (sommaren og hausten 1980).

 

Meininga var at oppgåva også skulle innehalde namn frå Losna på nordsida av Sognefjorden. Denne øya vart lagd til Solund ved kommunesamanslåinga i 1964, men har frå gammalt av høyrt til Gulen. Når det synte seg at namnematerialet frå Eivindvik blei "stort nok", vart det naturleg å konsentrere seg om denne bygda. Namneinnsamlinga på Losna er likevel gjord, og ho har vore eit nyttig samanlikningsgrunnlag under arbeidet med namna frå Eivindvik. Somme stader i oppgåva blir det då også synt til innsamlinga. (Namna vil bli å finne på Nordisk institutt, UiB.)

 

Namnematerialet er samla inn gjennom heimelsfolk (s.194). Til god hjelp har dessutan ein del prenta og uprenta litteratur vore. Særleg har skulebarnoppskriftene frå 1930-åra (s.188) friska opp minnet til mange, men også ein del utskiftingskart og kanskje spesielt Bygdeboka (I. Kleiva: Gulen i gammal og ny tid) har gjeve nyttig supplement.

 

Det er likevel heimelsfolka som har vore viktigaste kjelda. Fleire av dei kunne namnsetje større område i detalj, og desse stadene er svært bra dekte i materialet. For andre delar av bygda er dekkinga dårlegare, dels fordi det har vanta heimelsfolk, men også fordi det er folk som eg veit sit inne med fleire namn, men som det av praktiske grunnar ikkje har vorte snakka med. I tillegg kjem at heimelsfolka ganske sikkert veit om namn som dei ikkje hugsar akkurat under intervjuet. Eg har heile tida prøvt å supplere med nytt stoff, men etter at eg tok til å skrive på sjølve oppgåva, vart det stadig meir vanskeleg å arbeide nye namn inn i materialet. Nokre få namn er såleis komne med i namneregisteret og på kartet, men er ikkje vortne klassifiserte eller omtala særskilt.

 

Målet for dette arbeidet har vore å kunne seie noko om stadnamna som språkhistoriske og natur- og kulturhistoriske informantar. Difor har det også vore naturleg å velje ein tradisjonell disposisjonsmåte, der namna hovudsakleg blir omtala etter kva utmerkingslekk dei har. Dette blir gjort i eit eige kapittel (s.129ff.), men også i grunnordoversynet (s.33ff.) blir mange namn drøfta, særleg slike som er med på å kaste lys over sjølve grunnordet. Fylgjeleg vil t.d. avsnittet med namn frå arbeids- og kulturlivet (s.l4Sff.) ikkje innehalde alle namna i materialet som kan knytast til dette emnet. Berre når ein les heile oppgåva i samanheng, kan ein få eit visst inntrykk av namneskikken i bygda.

 

Nokre språkleg interessante (og uklåre) namn vert diskuterte i eit eige kapittel (s.l58ff.), men slike namn blir drøfta også andre stader i oppgåva.

 

Det er dessutan gjort forsøk på å komme fram til ein eigna grunnorddefinis,jon (s.27ff.), som igjen dannar bakgrunn for hovudinndelinga av stadnamna (s.33ff.).

 

Elles inneheld oppgåva eit kapittel om målføret (s.lff.), og det er også sagt noko om usamansette namn (s.l23ff.), samansette namn (s.126ff.), komposisjonen (s.l69ff.), bustadnamna (s.175) o.l.

 

Til slutt vil eg få takke alle heimelsmenn og –kvinner for opplysningar og råd. Ei særskild takk skuldar eg

førsteamanuensis Oddvar Nes for fagleg hjelp og rettleiing.

 

Bergen i februar 1981

Henrik Arne Losnegaard