1 600 stadnamn i Gulen frå Henrik Arne Losnegaard
Fylkesarkivet har fått tilgang til 1 600 stadnamn frå Gulen. Dette er namn frå hovudoppgåva «Stadnamn frå Eivindvik» av Henrik Arne Losnegaard. Oppgåva er skriven ved Universitetet i Bergen og innlevert i 1981.
Kartblad med innsamlingsnummer
Kartblad med nummererte lokasjonar knytt til namna i stadnamndatabasen.
Hovudoppgåva Stadnamn frå Eivindvik
Oppgåva inneheld eit namnemateriale på om lag 1320 namn frå Eivindvik i Gulen, samla inn på slutten av 70- og byrjinga av 80-talet. Oppgåva bidrar dessutan med eit forslag til ein ny måte å klassifisere stadnamn på.
Denne nettsida er oppretta som ei følgje av at far min, Henrik Arne Losnegaard, ønskte å gjere tilgjengeleg og formidle eit namnemateriale han samla inn og skreiv om i si hovudoppgåve i norsk på slutten av 70- og byrjinga av 80-talet. Oppgåva heitte, som denne heimesida, Stadnamn frå Eivindvik.
Henrik Arne hadde lenge snakka om at han ønskte å arbeide vidare med namnematerialet frå oppgåva, og såg føre seg at arbeidet kanskje kunne ta form av ei bok. Dette var eit arbeid han såg fram til å sysle med når han nærma seg pensjonsalder, eit tilvere som verka å ligge eit godt stykke fram all den tid han var frisk og rask og brann sterkt for jobben sin som pedagogisk leiar ved Hafstad vidaregåande skule.
Då Henrik Arne fekk vite at han var sjuk med kreft hausten 2012, vart desse planane med eitt meir usikre. I tida etter jobba han med å gå gjennom og reinskrive namnematerialet. Han hadde tidlegare vore i kontakt med Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane for å få registrert namna på det digitale kartverket, og etter ein grundig gjennomgang av namn, lydskrift og merknader vart det oppdaterte namnematerialet inkludert i fylket sitt stadnamnarkiv.
Fredag 20. mars i år, i dét arbeidsveka var over, tok arbeidshesten Henrik Arne helg for aller siste gong. Berre nokre timar tidlegare hadde vi mottatt ei melding frå Fylkesarkivet om at dei hadde lagt ut eit nyhende om dei 1600 stadamna hans. Han fekk aldri denne beskjeden, men vi veit at han ville ha vore nøgd. Mindre enn to månader før han døydde var Henrik Arne dessutan hos Fylkesarkivet på Leikanger og las inn uttalen av namna han hadde samla inn, og såleis fekk han trass alt gjort ein god del for å formidle innhaldet i hovudoppgåva si.
Heile føremålet med denne nettsida var å gjere materialet tilgjengeleg inntil Fylkesarkivet fekk publisert namna. Dette vart mindre prekært når namna no ligg tilgjengeleg og tilrettelagt for søk på deira nettsider, men det finst likevel eit par gode grunnar til å opprette denne sida og til å halde ho oppdatert. For det første skal Fylkesarkivet i haust oppgradere sitt databasesystem, og før den tid viser ikkje feltet "oppskrivar" som viser til innsamlar. På noverande tidspunkt går det altså ikkje an å søke spesifikt i arkivet etter dei namna som er levert av Henrik Arne (ein kan rett nok søke etter namn frå Gulen, og etter gards- og bruksnummer). Inntil det nye systemet er på plass vil eg difor gjerne oppfylle far min sitt ønske om at fleire skal få mogelegheit til å studere det materialet som han i si tid samla inn. Dette gjer eg i første omgang ved å legge ut materialet i form av ein enkel tabell. Den andre grunnen til at ei heimeside er nyttig er at vi her kan legge ut ein del tilleggsmateriale, slik at dei som er fagleg interessert i namnematerialet skal få fullt utbytte av det. På denne sida er det mogeleg å laste ned hovudoppgåva og karta frå dei aktuelle gardane i Evindvik der stadnamna er plotta inn (eller rettare sagt innsamlingsnummeret, som står oppført saman med namnet i tabellen). Her finst også kopi av skulebarnoppskriftene som var ein del av grunnlagsmaterialet for oppgåva.
På den delen av sida som heiter "Om" står nokre ord som far min skreiv så seint som i mars i år, der han seier litt om arbeidet sitt og om innhaldet på sida. Det tok litt tid før eg fekk samla meg til å sette saman og publisere sida, og eg skal ikkje legge skjul på at det har vore tungt å skulle ta tak i det utan å ha Henrik Arne i ryggen. Den 27. juni ville han ha fylt 64 år, og eg tenkte difor det kunne vere ei fin markering å publisere nettsida i samband med denne dagen.
Mitt mål er at så mange som mogeleg skal få vite om sida og innhaldet her, og eg oppmodar alle om å spreie ordet til dei de trur kan vere interesserte. Dette er i hovudsak meint å vere ei statisk side utan dei store endringane, men eg vil oppdatere med nytt frå Fylkesarkivet når det kjem relevant informasjon derifrå. Dersom det er interesse for det, vil eg også vurdere å opne sida for registrering av andre namn frå Eivindvik, og for kommentarar til dei eksisterande namneoppføringane. Det kan jo, som far min sjølv påpeikte, vere at nokon ikkje er einige i enkelte av oppføringane, eller det kan vere at nokon har fleire opplysningar om spesifikke namn. Slike oppdateringar av sida må nødvendigvis skje på oppmoding – dersom det finst lokale namnekjennarar i Eivindvik med ønske om å leggje til namn eller opplysningar, må de ta kontakt med meg slik at eg kan vurdere korleis vi skal leggje det opp. Det var Henrik Arne sitt ønske at denne sida skulle vere ein ressurs, og om denne ressursen kan auke i omfang og til og med leve sitt eige vesle liv, er det nok ingenting som ville ha gjort han meir glad enn det.
Dersom de har spørsmål eller kommentarar til innhaldet og utforminga av denne sida, set eg stor pris på at de tar kontakt.
Straumsgrend, 26.06.2015
Gyri Smørdal Losnegaard